Kort fortalt

Kjerkol med tiltak vi vil merke

Varslar nye koronatiltak tysdag.

06.12.2021

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) seier det vil komme nye nasjonale koronatiltak tysdag. – Det blir tiltak vi vil merke i kvardagen vår, seier Kjerkol.

Kjerkol seier til NRK at regjeringa tysdag vil komme med nye tiltak fordi vi har fått ein situasjon med mykje smitte med delta-varianten.

– I tillegg har vi fått omikron på toppen som spreier seg raskt, seier Kjerkol

– Det blir tiltak vi vil merke i kvardagen vår, seier helseministeren vidare.

Ifølgje helseministeren er det no nødvendig med nye kontaktreduserande tiltak.

Helseministeren sat måndag eit møte med kommunane om handteringa av pandemien og tiltaksbehov.

Smittetala i Noreg er rekordhøge, og stadig fleire blir smitta av omikronvarianten. Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) har tidlegare sagt at ho er bekymra for utviklinga, og ville tidlegare måndag ikkje sjå bort frå strengare tiltak i løpet av veka.

Det siste døgnet er det registrert 2.576 koronasmitta i Noreg. Måndag var 295 koronasmitta pasientar innlagde på sjukehus i Noreg. Talet på koronapasientar nærmar seg no veldig toppen i vår. 7. april var det 307 koronapasientar innlagde på sjukehusa.

Publisert: 06.12.2021 16:16

Sist oppdatert: 06.12.2021 16:17

Mer om