Kort fortalt

Kjønnsforskjellane aukar i høgare utdanning

04.03.2024

(NPK-NTB): I alle norske kommunar er det ein større del kvinner med høgare utdanning enn menn, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Vi ser at kjønnslikestillinga sakte går i rett retning, men i høgare utdanning ser vi at kjønnsforskjellane aukar, seier likestillingskoordinator Hanna Stangebye Arnesen i SSB.

Blant både kvinner og menn aukar utdanningsnivået, men andelen kvinner med høgare utdanning aukar raskare enn menn. Det viser SSBs årlege kartlegging av korleis det går med likestillinga i Noregs kommunar.

I over halvparten av kommunane har færre enn 20 prosent av mennene høgare utdanning, medan det same berre gjeld i éin kommune for kvinner.

I to kommunar har majoriteten av menn høgare utdanning, medan majoriteten av kvinner har høgare utdanning i sju kommunar.

Andelen kvinnelege leiarar aukar også i alle fylke, og i 2022 var 38 prosent av alle leiarar i Noreg kvinner. Forskjellane er likevel store mellom kommunane, og andelen kvinnelege leiarar varierer frå 20 til 63 prosent.

Samtidig blir avstanden mellom bruttoinntekta til menn og kvinner gradvis mindre, men på landsbasis er bruttoinntekta til kvinner i snitt 190.500 kroner lågare enn for menn.

(©NPK)

Publisert: 04.03.2024 13:20

Sist oppdatert: 04.03.2024 13:20

Mer om