Kort fortalt

Kjøper konkurrent

Nevotex Norge overtek Fjord Fabrics.

22.02.2021

Nevotex Norge AS i Ørskog kjøper alle aksjane i Riam Ørsta AS, som eig og driv datterselskapet, stoffgrossisten Fjord Fabrics, skriv Møre-Nytt. Riam Ørsta er eigd av Elling Overaae Rem.

Begge selskapa er stoffleverandørar til møbelindustrien.

Fjord Fabrics hadde 21,3 millionar kroner i driftsinntekter i 2019 og eit resultat før skatt på 0,5 millionar kroner.

Nevotex Norge hadde 26,6 millionar kroner i driftsinntekter og eit eit resultat før skatt på 1,7 millionar kroner i 2019. Eigar er svenske Aktiebolaget Nevotex.

Publisert: 22.02.2021 13:48

Sist oppdatert: 23.02.2021 00:27

Mer om