Kort fortalt

Klager på blodvatn frå fisketransport

– Handlar om tryggleik i trafikken.

NPK
02.08.2021

Kvar veke får Statens vegvesen inn klager på søl frå fisketransport med fersk fisk. – Dette handlar om tryggleik i trafikken, seier vegvesenet.

Ifølgje Statens vegvesen handlar klagene om at det renn blodig og slimete vatn frå trailerar med fersk fisk, skriv Sunnmørsposten.

Det er mellom anna ferjemannskap som sender inn klager, seier Leif Jarle Bergseth i Statens vegvesen.

– Det fører til forseinkingar når mannskapet må spyle dekket, forklarer Bergseth.

Ottar Vattøy er ferjeskipper på ei av ferjene som er plaga med fiskeproblemet.

Vattøy seier at det beste hadde vore om dei hadde fått samla det opp og tømt det ein plass. Han oppmodar sjåførar som køyrer fisk og har luftfjæring i bilen til å løfte opp køyretøyet bak og senke det framme for å skape helling. Då vil ein lettare unngå at det illeluktande vatnet renn ut av fartøyet.

Bergseth seier at det ikkje berre er til sjenanse med alt sølet, men at det òg kan vere trafikkfarleg.

– Om sommaren kan det bli sleipt for motorsyklistar, og om vinteren kan det fryse til og danne is på vegane, seier han.

Administrerande direktør Geir A. Mo i Noregs Lastebileier-Forbund (NLF) seier at dei arbeider med problemstillinga saman med Sjømatbedriftene, Statens vegvesen, Mattilsynet og Sjømat Noreg.

(©NPK)

Publisert: 02.08.2021 12:23

Sist oppdatert: 02.08.2021 12:24

Mer om