Kort fortalt

Klart for pakkereisekompensasjon

Det er innført eiga kompensasjonsordning.

NPK
13.04.2021

Alle som ikkje har fått betalt tilbake pakkereisene dei hadde bestilt og betalt på grunn av koronarestriksjonane, kan no få dekt kostnadene sine gjennom ei eiga kompensasjonsordning.

Det er klart etter at Stortinget har vedteke å løyva 75 millionar kroner til reisande som ikkje har fått betalt tilbake innbetalingane sine for avlyste pakkereiser som følgje av at reisearrangøren har gått konkurs.

– For dei fleste vil det verka urimeleg at retten til å få dekt reisegaranti skal vera avhengig av om ei pakkereise er avlyst før eller etter konkurstidspunktet i ein situasjon med global pandemi. Vi har difor etablert ei statleg ordning som kompenserer dei reisande som har kome i ein slik situasjon, seier forbrukarminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) i ei pressemelding.

Kompensasjonsordninga gjeld pakkereiser som blei kjøpt til og med 14. mars 2020 og som ikkje er omfatta av systemet med reisegaranti, heiter det.

Søknad om dekning skal sendast til Reisegarantifondet.

Publisert: 13.04.2021 12:02

Sist oppdatert: 13.04.2021 12:03

Mer om