NPK-NTB: Dei siste fem åra har det vore ein nedgang på 50 prosent i talet på bustadinnbrot. Det viser tal frå Politidirektoratet.
I 2018 vart det avslutta 575 forhold innanfor grovt tjuveri frå privat bustad, 24 prosent færre enn året før.
– For det første er jo helerimarknaden redusert, i tillegg kan det ha oppstått moglegheiter for å tene pengar ulovleg på andre område, seier konstituert politidirektør Håkon Skulstad til .
Betre sikringstiltak og ein mindre marknad for sal av tjuvegods påverkar nedgangen.
Tal frå Finans Norge viser at dei har redusert utbetalingane til erstatningar for innbrot med 46 prosent dei siste ti åra.
I 2009 utbetalte dei erstatningar på 700 millionar kroner etter innbrot, mot 375 millionar kroner i 2018.
– Stadig fleire installerer innbrotsalarm, og vi meiner jo at tryggingsutstyr verker preventivt, seier kommunikasjonssjef Stine Neverdal i Finans Norge.

Publisert: 04.03.2019 10:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35