Kort fortalt

Kleskonsern varslar kraftig prisauke

Trur tøft halvår er i vente.

04.01.2023
(NPK-NTB): Ein bra julehandel redda 2022 for mange i varehandelen, men aktørane fryktar 2023. Prisane på klede kan auke med så mykje som 18 prosent i første halvår.

Kleskonsernet Voice, som omfattar kjedene Vic, Match og Boys of Europe, varslar ein prisauke på opp mot 18 prosent i første halvår, skriv Dagens Næringsliv.

Konsernet stålset seg for ein langt tøffare marknad i 2023, med sterkt marginpress. Det kjem først og fremst av auka kostnader på frakt og høgare råvareprisar. I tillegg sørgjer ein svak kronekurs for at importerte varer blir dyrare.

– Det er jo ganske mykje, men varene har allereie vorte dyrare gjennom hausten, så auken blir ikkje så brå, meiner administrerande direktør Johnny Ottesen i Voice.

Jarle Hammerstad, leiar for bransjepolitikk i Virke, er bekymra for første kvartal.

– Kostnadsaukane bedriftene har vore gjennom i 2022, og særleg andre halvår, har vore så store at dei må klare ei viss omsetning for å handtere det. Viss det blir tilbakeslag frå forbrukarane, så er det nok mange i varehandelen som er i faresona, seier han.

(©NPK)

Publisert: 04.01.2023 09:03

Sist oppdatert: 04.01.2023 09:08

Mer om