– Oppdraget er det klart største prosjektet vi har hatt dei seinare år, og har stor betydning for oss, sa Green Yard Kleven-sjef Hans Jørgen Fedog då verftet sikra seg eit stort ombyggingsoppdrag i fjor.
No er skipet overlevert.
Kontrakten var også viktig for skipsdesignselskapet Marin Teknikk, som teikna om skipet.
"Vega II" var opphavleg eit seismikkfaretøy som var bygd om til eit serviceskip for vindkraftindustrien, før Marin Teknikk og Green Yard Kleven fekk jobben med å bygge det om til eit skip for legging og reparasjonar av fiberkablar.
Kunden er det japanske telekommunikasjonsselskapet NTT World Engineering Marine.
- Vi er veldig stolt av å levere eit så flott skip og vi er takknemlege for den enorme tilliten NTT
WEM, som er eit selskap fra andre siden av kloden, har vist oss gjennom heile prosjektet,
seier dagleg leiar Hans Jørgen Fedog i Green Yard Kleven og Green Yard Group i ei pressemelding.
Publisert: 20.09.2024 10:37
Sist oppdatert: 20.09.2024 10:38