Karl Johan Barstad Hans Jørgen Fedog foto Green Yard Kleven 11
STØRSTE OPPDRAG HITTIL: Salsleiar for retrofit Karl Johan Barstad (t.v.) og dagleg leiar Hans Jørgen Fedog i Green Yard Kleven. Foto: Green Yard Kleven
Nytt

«Klart største prosjektet» til Green Yard Kleven på fleire år

Marin Teknikk har teikna kabelskipet. Begge selskapa treng fleire folk.

Svært gledeleg at arbeidet med skipet er tildelt eit lokalt verft, Green Yard Kleven, skriv Marin Teknikk i ei pressemelding.

– Oppdraget er det klart største prosjektet vi har hatt dei seinare år, og har stor betydning for oss, sier Green Yard Kleven-sjef Hans Jørgen Fedog til NETT NO.

Dette er den største kontrakten i retrofit-segmentet som til no er inngått i Green Yard Kleven. Green Yard Kleven har for tiden også to andre ombyggingsprosjekt gåande i samarbeid med Marin Teknikk, heiter det i ei pressemelding frå Green Yard Kleven.

Gir arbeid til langt ut i 2024
Kontrakten gir arbeid for verftet frå no til langt ut i neste år.

– Vi har kring 70 tilsette i arbeid i dag, og er alltid på søken etter flinke folk. Ein slik horisont gir optimisme og gjer at vi treng fleire tilsette, fortel Fedog vidare.

Green Yard Kleven kjøpte anlegget i Ulsteinvik etter konkursen i Kleven Verft i 2020.

Tilset folk
For skipsdesignselskapet Marin Teknikk i Herøy, betyr avtalen med det japanske telecomselskapet NTTWEM at selskapet treng fleire tilsette, og dei er allereie i gang med rekrutteringa.

Marin Teknikk har hatt kontakt med NTTWEM i 25 år. Dette er den første kontrakten med selskapet.

«For Marin Teknikk er denne kontrakten ilag med flere andre prosjekt med på å sikre økt aktivitet. Dette betyr også at vi er i ferd med å ansette flere nye medarbeidere både i Norge og ved våre kontorer i Polen», heiter det i pressemeldinga.

Arbeidet med å utvikle fartøyet starta etter at NTTWEM tok kontakt med Marin Teknikk i slutten av 2022.

Publisert: 31.08.2023 14:08

Sist oppdatert: 10.11.2023 12:07

Mer om