Kort fortalt

Klima viktigst for ein av fire

Men flest peiker på sosiale forskjellar.

20.08.2021

(NPK-NTB): Valet i haust er i ferd med å bli eit klimaval, viser ei undersøking om kva saker som er viktigast for veljarane. Ein av fire peikar på klimasaka.

Sosiale forskjellar er framleis den saka flest veljarar trekkjer fram før valet i haust, med 28 prosent, viser ei undersøking utført av Norstat for Aftenposten. Men klimasaka har vind i segla, og blir trekt fram av 26 prosent på spørsmål om kva to saker som er dei viktigaste i valet.

6,4 prosentpoeng fleire peikar på klimasaka no enn i ei tilsvarande undersøking i mars. Sidan då har mellom anna FNs klimarapport vorte sloppen.

– Det er godt og oppløftande å sjå, men det skulle òg berre mangle etter den siste FN-rapporten. Der vart det veldig tydeleg kva krise vi står i og kor mykje det hastar å gjere noko med ho, seier Oda Sofie Pettersen (21), førstekandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Vest- og Aust-Agder.

(©NPK)

Publisert: 20.08.2021 09:22

Sist oppdatert: 20.08.2021 09:24

Mer om