(NPK): Forskarar er usikre på om det vil kome skrei til Ålesund i år, etter at mengda av skrei sør for Lofoten har gått kraftig ned dei siste åra.
I fjor fann forskarane for første gong ikkje ein einaste skrei i Borgundfjorden ved Ålesund, noko som er svært uvanleg, skriv Havforskingsinstituttet.
Seniorforskar Kjell Harald Nedreaas ved Havforskingsinstituttet forklarar at nedgangen kan skuldast fleire faktorar:
– Er bestanden stor, vil den naturleg spreie seg over eit større område for å gyte. Men viss ein bestand ikkje får nok påfyll av unge individ, vil den nødvendigvis bli mindre talrik etter kvart.
Les også
Temperatur spelar også ei viktig rolle. Skreien føretrekker ein gytetemperatur på 4-6°C, og med global oppvarming kan ein vente mindre skrei i sørlege farvatn.
– Enkelt forklart vandrar skreien nordover når det blir varmare og sørover når det blir kaldare, seier Nedreaas.
For å motverke nedgangen har det sidan 2009 vore innført restriksjonar på torskefisket i Borgundfjorden. Trass i dette har ikkje bestanden tatt seg opp. Havforskingsinstituttet har no tilrådd nye reguleringar, inkludert auka minstemål på torsken og utvida verneperiode.
(©NPK)
Publisert: 20.02.2025 13:33
Sist oppdatert: 20.02.2025 13:34