Kort fortalt
Kokken Roll inn i Ulstein-restaurant
Hareid-selskap med oppkjøp.
Marius Rosbach
03.03.2021
Selskapet Kokken Roll har kjøpt aksjemajoriteten i Snorrebuda Mat og Vinhus i Ulsteinvik, opplyser selskapet i ei pressemelding.
Det Hareid-registrerte firmaet har catering- og matproduksjon ved hurtigbåtkaia på Hareid, men vil no også vere involvert i drifta ved Ulstein-restauranten.
I samband med overtakinga vil det bli enkelte justeringar ved Snorrebuda, men dei vil framleis satse på sushi.
Det første dei tek til med, er ei oppgradering av kjøkkenet. Vidare ser dei på moglegheiter for eit skjerma uteområde og å utvikle andre etasje som selskapslokale.
Publisert: 03.03.2021 09:39
Sist oppdatert: 09.03.2021 20:59