Kommunane kom ut av pandemiåret 2020 med auka marginar, viser ei rekneskapsundersøking frå KS. Samtidig er tala «dopa» av statlege koronaoverføringar.
Organisasjonen til kommunesektoren (KS) gjennomfører kvart år ein rekneskapsanalyse for kommunane og fylkeskommunane. Rapporten for 2020 viser at inntektene til kommunane og fylkeskommunane for 2020 auka meir enn utgiftene samanlikna med 2019. Driftsinntektene auka med 2,9 prosent, medan utgiftene auka med 1,4 prosent, skriv Kommunal Rapport.
Delar av kostnadene vil likevel først komme i inneverande år.
– Dei statlege koronatilskota bidreg dermed til å dope netto driftsresultat i 2020. Rekneskapsteknisk er tala oppblåste, seier spesialrådgivar Sigmund Engdal i kommuneøkonomiavdelinga i KS.
For dei 223 kommunane som er med i KS' undersøking, vart brutto driftsresultatet på 6 prosent i snitt, mot 4,5 prosent i 2019. Mykje tyder på at resultatet blir betrakteleg lågare når utgiftene faktisk kjem i 2021.
– Rekneskapsundersøkinga viser òg at koronakrisa og medfølgjande inngripande smitteverntiltak ikkje har ført til store endringar i kommuneøkonomien. Kommunane har i stor grad vorte kompenserte for inntektssvikt og auka utgifter under pandemien, seier Engdal.
Publisert: 12.03.2021 10:33
Sist oppdatert: 12.03.2021 10:34