Kommunedirektør Ivar-Otto Kristiansen i Stranda er avsett med umiddelbar verknad, melder lokalavisa Nyss.
Det er ordførar Einar Arve Nordang som fortel at det vart bestemt i eit samrøystes vedtak under ein lukka seanse i Stranda kommunestyre onsdag 26. mars. I februar blei det kjent at direktøren mellom anna hadde meldt ordføraren til politiet.
– Det at han gjekk til det steget å politimelde ordførar og fleire andre gjorde at vidare samarbeid ikkje er mogleg. Det var heile kommunestyret einig i, seier Nordang til avisa.
Publisert: 27.03.2025 10:21
Sist oppdatert: 27.03.2025 10:21