Kort fortalt

Kommunemåling: Høgre er størst

Høgre får oppslutning på 29,2 prosent på TV 2s kommunevalbarometer.

11.01.2023

Det er på nivå med resultatet i 1979, som er det beste kommunevalet i historia for partiet.

Målinga er gjennomført for kanalen av Kantar.

Høgre går fram 0,9 prosentpoeng frå den førre målinga, som var i november i fjor. Frå kommunevalet i 2019 er oppgangen heile 9,1 prosentpoeng.

– Det gir ein veldig god innsprøyting i januar månad. Ein litt trist og grå månad for dei fleste, men det gir ein innsprøyting før valkampen til hausten, seier partileiar Erna Solberg.

Den største auken frå novembermålinga har Arbeidarpartiet, med 3 prosentpoeng. Oppslutninga på 23 prosent er likevel under nivået ved kommunevalet i 2019. Då fekk partiet 24,8 prosent, det lågaste nokon gong.

– Eg håpar jo at vi kan strekkje oss mot det resultatet vi hadde i 2019, og gjerne gå forbi, seier partileiar og statsminister Jonas Gahr Støre til TV 2.

For resten av partia er resultata som følgjer (med endring frå november i parentes): Raudt 5,8 (-0,3), SV 7,1 (+0,8), Sp 9,1 (+0,5), MDG 4,2 (+0,1), Venstre 4,6 (+0,4), KrF 3,7 (-0,7), Frp 9,0 (-1,6) og andre 4,3 (-3,1).

Målinga er gjennomført i form av telefonintervju med 990 personar mellom 3. og 6. januar. Feilmarginen er mellom 1,4 og 2,8 prosentpoeng.

Publisert: 11.01.2023 09:56

Sist oppdatert: 11.01.2023 09:57

Mer om