Kort fortalt

Kompisgjeng kjøpte Volda-pub

Snart 70 personar bak «Det Grøne Treet».

06.08.2021

Etter å ha stått tom i over eitt år, bestemte ein kompisgjeng seg for å kjøpe lokalpuben «Det Grøne Treet» i Volda. No er snart 70 personar med på laget.

Dei tidlegare eigarane av puben gjekk konkurs då pandemien kom, men inspirert av ein pub i Bergen, fekk Jon Even Bjørdal og kompisgjengen ein idé, skriv NRK Møre og Romsdal.

– Tanken var at når ein likevel går ut, kan ein like gjerne gå ut til seg sjølv, seier den nye styreleiaren i Tredet Kulturkafé, Jon Even Bjørdal.

Dei laga ei Facebookside, og etter eitt døgn var 40 andre med på planen om å gjere noko med den gamle puben i Volda. I dag har snart 70 stykke meldt interesse, og det er framleis fleire som melder interesse.

Alle som er med har to forpliktingar, seier Bjørdal. Det eine er at dei må bruke staden, også må dei møte på generalforsamlingar.

– Det har vorte meir populært at vennegjengar startar opp bedrifter saman, spesielt hos unge, seier Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.

Ho ser på satsinga til vennegjengen i Volda som positiv, og seier at tilbodet handlar om kva innbyggjarane sjølv treng og har lyst på, er eit godt utgangspunkt.

– Reiselivsbedriftene må vere like populære blant dei som bur på bygda, som dei som kjem på besøk, seier Krohn Devold.

Publisert: 06.08.2021 15:33

Sist oppdatert: 06.08.2021 15:34