Kongen om inkludering i arbeidslivet
Offisiell opning av Stortinget.
(NPK-NTB): Under trontalen i Stortinget talte kong Harald om utfordringane i arbeidslivet, og spesielt om at det trengst fleire i arbeid i velferdsstaten i framtida.
Tysdag opna kong Harald det 166. storting, og heldt den tradisjonelle trontalen, den siste under Erna Solbergs regjering for denne gongen. Trontalen gir uttrykk for hovudlinjene i arbeidsprogrammet og politikken til regjeringa for det kommande året.
I trontalen til regjeringa trekte kongen fram klimakrisa og inkludering i arbeidslivet som dei viktigaste oppgåvene den neste perioden.
– Den økonomiske aktiviteten i Noreg tek seg raskt opp. Det er no fleire sysselsette i befolkninga enn før pandemien kom. Stadig færre går ledige. Det blir stadig fleire ledige stillingar, sa kongen.
Fleire må i arbeid for å finansiere velferda når bidraget frå oljeaktiviteten blir redusert, poengterte han.
– Allereie no ser vi mangel på kvalifisert arbeidskraft fleire stader. Det er både ei utfordring og ei moglegheit. Ei utfordring fordi mangel på arbeidskraft gir mindre verdiskaping og velferd i samfunnet, ei moglegheit fordi det er mange fleire som kan og vil arbeide i samfunnet vårt, sa han.
(©NPK)
Publisert: 11.10.2021 14:18
Sist oppdatert: 11.10.2021 14:20