Kongsberg Maritime har signert ei kontrakt for design og utstyrspakke til to konstruksjonsfartøy for Olympic. Skipa vil vere metanol-klare og ha hybrid batteriteknologi, skriv Kongsberg Maritime i ei pressemelding.
Kontrakten er den første leveransen av Kongsberg Maritimes sitt nyaste design og vil innehalde ein integrert teknologipakke, inkludert framdriftssystem, hybridkraft og vinsjsystem.
-Dette gir betydeleg aktivitet for Kongberg Maritime på Sunnmøre og i Kongsberg, og mykje av kontrakten skal produserast i Noreg, seier salsdirektør i Kongsberg Maritime, Per Kristian Furø.
Kongsberg Maritime si avdeling i Hjørungavåg skal levere skipsdesign og ingeniørtenester. Ein betydeleg del av utstyret blir levert frå Kongsberg Maritime sine avdelingar i Kongsberg/Horten samt frå den maritime klynga på Sunnmøre. Fartøya skal byggast ved CMHI-verftet i Shenzhen, Kina, med levering planlagt sommaren 2027.
Storleiken på kontrakten i kroner er iikkje opplyst.
Publisert: 14.03.2025 09:17
Sist oppdatert: 14.03.2025 09:47