Utvidinga følgjer eit år som er på veg til å bli det mest suksessrike i selskapet si historie, med eit resultat før skatt på anslagsvis over 800 millioner kroner, skriv Olympic i ei pressemelding.
Dei to nye konstruksjonsskipa skal byggast hos CMHI shipyard in Shenzhen i Kina og skal leverast sommaren 2027.

Lokale oppdrag for 700 millionar
Ifølgje pressemeldinga skal skipa gi store oppdrag for 700 millionar kroner til bedrifter på Nordvestlandet.
Det er verftet som står for forhandlingane med leverandørane, men Olympic-eigar Stig Remøy fortel til Nett No at reiarlaget har gitt retningslinjer for kva utstyr som skal om bord.
– Vi har lagt føringar for kven som skal vere leverandør på ulike område. Det gjer at oppdrag for minst 700 millionar kroner vil hamne hos leverandørar på Nordvestlandet, fortel han.
Sikrar framtida og kjem lokalsamfunnet til gode
Olympic Group har bestilt skipa, som skal vere mest mogleg energieffektive.
I pressemeldinga uttaler Remøy at det å styrke den maritime klyngen på Sunnmøre, inneberer å styrke selskapet sin eigen framtid.
«På lang sikt sikrer det våre egne verdier og arbeidsplasser, samtidig som verdiskapingen kommer lokalsamfunnene til gode. Dette er en vinneroppskrift som vi vil fortsette å følge», seier Remøy i meldinga.
Godt fjorår for reiarlaget
Dei to konstruksjonsskipa skal byggast for å operere i olje- og gassbransjen, og til utbygging av fornybar kraftproduksjon til havs.
I fjor hadde Olympic-skipa ei driftsinntekt på 1,8 milliardar kroner og eit driftsresultat før av- og nedskrivingar (ebitda) på 1,1 milliardar. Resultat før skatt kom på 800 millionar kroner, ifølgje pressemeldinga.
Omsetninga er betydeleg høgare enn konsernet rapporterte for 2023. Då stoppa inntektene på nær 1,3 milliardar, og resultat før skatt vart 373 millionar.
Saka blir oppdatert
Publisert: 06.02.2025 10:26
Sist oppdatert: 17.03.2025 07:38