Kort fortalt

Konkurs etter vedtak om tvangsbøter

Byggefirma melde oppbod.

16.10.2023

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i selskapet Progress Entreprenør, melder Sunnmørsposten.

Ålesund-firmaet hadde kring tre millionar i gjeld og verdiar for rundt 100.000 kroner, ifølgje rettspapira.

Verksemda i selskapet som hadde 11 tilsette, var innstilt då dei gjekk konkurs.

Jan Petter Sæbø i Arbeidstilsynet opplyser til avisa at det i midten av september vart gjort vedtak om tvangsmulkter på 1500 kroner dagen for selskapet.

Bakgrunnen var ei ulukke der ein tilsett mista livet etter fall frå eit stillas. Arbeidstilsynet stoppa arbeidet firmaet utførte på ein byggeplass og kom i ettertid med eit pålegg til bedrifta.

Publisert: 16.10.2023 20:48

Sist oppdatert: 16.10.2023 20:48

Mer om