Kort fortalt

Konkurs for byggefirma etter skattekrav

Har drive fleire år med tapt eigenkapital.

Marius Rosbach
13.01.2025

Møre og Romsdal tingrett har måndag opna konkurs i Valderøy Bygg. 

Firmaet er registrert å drive med oppføring av bustader, og blei starta i 2019. 

Rettspapira frå tingretten var ikkje gjort offentleg måndag ettermiddag, men ifølgje berammingslista, dreiar det seg om eit krav frå skatteetaten. 

Eigenkapitalen til Valderøy Bygg gjekk tapt for meir enn fire år sidan, ifølgje rekneskapane til selskapet. 

I det siste offentlege rekneskapen frå 2023, blir det vist til at selskapet fekk plussresultat det året. Basert på dette, god kommunikasjon med kreditorar og eit konservativt anslag for inntektene framover, meinte styret då at det var grunnlag for vidare drift. 

Giske-firmaet hadde fire årsverk i arbeidet det året, og ei omsetning på 4,2 millionar. Resultat før skatt enda på 44.000 kroner i pluss, etter å ha vore i minus dei tre åra før. 

Bustyrar i saka er Øystein Remme og første skiftesamling er planlagt 24. februar. 

Publisert: 13.01.2025 16:29

Sist oppdatert: 13.01.2025 16:29

Mer om