Sogn og Fjordane tingrett har opna konkurs i selskapet Tour De Flo frå Stryn, ifølgje Sunnmørsposten.
Ifølgje avisa var det Skatteetaten som kravde oppbod med eit krav på 666.566 kroner.
Styreleiaren møtte ikkje opp i retten, men selskapet hadde meldt frå at dei ikkje hadde innvendingar til konkurskravet.
Firmaet blei starta i 2013 og hadde kring 8,6 millionar kroner i omsetning i 2022, som er det siste året det er levert rekneskap.
Advokat Thore Heggen er bustyrar i saka, og skiftesamlinga er planlagt 9. januar.
Publisert: 25.11.2024 16:52
Sist oppdatert: 25.11.2024 16:52