Kort fortalt

Konkurs for forsikringsselskap

Koronapandemien skapte utfordringar.

Marius Rosbach
08.07.2022

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i selskapet Sunnmøre Assuranse etter at eigarane melde oppbod.

Ålesund-selskapet opplyste i retten at gjelda var på kring 273.000 kroner og at verksemda var innstilt.

I årsrapporten for 2020 omtalar selskapet ein utfordrande situasjon som følgje av koronapandemien. Mykje av verksemda dreia seg tidlegare om å møte kundane personleg, men under pandemien har dei vore nøyd til å jobbe over telefon.

Det har gitt mindre moglegheiter for sal, og i tillegg var det vanskeleg å rekruttere nye seljarar.

Selskapet omsette for 4,3 millionar kroner i 2020, som er siste tilgjengelege rekneskap. Det året enda med overskott, men eigenkapitalen har vore i minus etter eit driftsunderskot på drygt 400.000 kroner i 2018.

Publisert: 08.07.2022 09:38

Sist oppdatert: 08.07.2022 09:40

Mer om