Kort fortalt

Konkurs for Møre Konfeksjon

Gir opp etter nær 70 års drift.

31.01.2024

Tysdag blei det meldt oppbod for dei fire selskapa Møre Konfeksjon, Møre Konfeksjon Bergen, Møre Konfeksjon Volda og Konfeksjonsindustri As, ifølgje Møre-Nytt.

Ifølgje bustyrar Jørund Knardal er omsetningssvikt mellom årsakene til konkursane.

Møre Konfeksjon har ifølgje avisa vore i bransjen sidan 1956 då dei etablerte seg som Møre Konfeksjonsfabrikk i Volda. I 2021 flytta dei til Ørsta.

Skiftesamlingane for alle selskapa går i Møre og Romsdal tingrett i midten av mars.

Publisert: 31.01.2024 00:24

Sist oppdatert: 31.01.2024 00:24

Mer om