Kort fortalt

Konkurs for reinhaldsfirma

Skattekrav blei kroken på døra for selskap med tre tilsette.

Marius Rosbach
29.05.2024

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i selskapet Det Store Huset som har vore registrert i reinhaldsbransjen.

Molde-firmaet blei starta i 2021 og hadde tre tilsette på konkurstidspunktet.

Bakgrunnen for konkursen er krav frå Skatteetaten på kring 215.000 kroner og selskapet er ikkje i stand til å gjere opp for seg, ifølgje rettspapira.

Selskapet er oppført med i underkant av ein halv million i inntekt i 2022. Resultatet gjekk i minus, og det er ikkje levert rekneskap for 2023.

Bustyrar i saka er Reidar Mogstad og første skiftesamling er planlagt 28. juni.

Publisert: 29.05.2024 10:29

Sist oppdatert: 29.05.2024 10:29

Mer om