rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Konkurs for Vigra-restaurant

Melde oppbod, men vil opne i nytt lokale.

Marius Rosbach
08.04.2025

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i selskapet Vigra Restauarant etter at selskapet har meldt oppbod. 

Facebook-profilen til restauranten blir det opplyst at dei stenger fordi dei ikkje får fornya leigeavtalen. 

Samtidig blir det opplyst at dei håpar å finne nye lokale i området, for å opne på nytt. 

Firmaet blei starta i 2019 og har omsett for kring 2,5 millionar dei siste åra. Etter eit underskot i 2021, gjekk både 2022 og 2023 i pluss. 

Publisert: 08.04.2025 13:33

Sist oppdatert: 08.04.2025 13:33

Mer om