Rundkoyring blindheimstunnelen foto Eivind Finnes
Arbeidet entreprenørselskapet gjorde i Ålesund på strekninga Blindheim–Flisnes er del av bypakka i Ålesund. Foto: Eivind Finnes
Kort fortalt

Konkurs kan bremse vegprosjekt

Oppbod for entreprenørselskap får konsekvensar i Ålesund.

Marius Rosbach
03.03.2026

Framdrifta på vegprosjektet Blindheim–Flisnes i Ålesund kan bli bremsa som følgje av konkurs i entreprenørselskap, ifølgje ei melding frå Bypakke Ålesund-prosjektet. 

Tidlegare tysdag meldte mellom anna Dagens Næringsliv at Egersund-baserte Bertelsen & Garpestad melde oppbod etter store tap på prosjekt og manglande kapital. 

Prosjektsjef Torbjørn Vatnehol i Møre og Romsdal fylkeskommune trur det er sannsynleg at konkursen får betydning for framdrifta ved vegprosjektet. 

 - Vi vil komme tilbake med meir informasjon så snart dette er avklart, legg Vatnehol til.

Arbeidet entreprenørselskapet gjorde i Ålesund er del av bypakka i Ålesund. Oppdraget hadde ein verdi på 230 millionar utan moms, og var mellom dei største kontraktane i prosjektet 

Publisert: 03.03.2026 22:47

Sist oppdatert: 03.03.2026 22:47

Mer om