Kort fortalt

Konkursbu tapte søksmål

Nådde ikkje fram med millionkrav.

08.05.2023

Konkursbuet etter Søvika-selskapet Emineo nådde ikkje fram med eit søksmål mot ein tidlegare styreleiar og styremedlem, ifølgje Sunnmørsposten.

Kravet var på kring 6,5 millionar kroner og hadde bakgrunn i at buet meinte dei saksøkte hadde vore aktlause, og hadde personleg ansvar for konkursen

Samla sett meiner retten at saka ikkje utgjer eit «noe grovere tilfelle», som lova er meint å ramme.

Dei saksøkte vann difor saka og må betale kring 900.000 kroner i sakskostnader til dei to personane.

Emino gjekk konkurs i 2020. Eit anna selskap i same konsern Sydvendt Invest gjekk også konkurs, etter at dei tapte eit søksmål frå konkursbuet i dette selskapet.

Publisert: 08.05.2023 18:07

Sist oppdatert: 08.05.2023 18:07

Mer om