Kort fortalt

Konsumprisindeksen gjekk opp

Auka straumprisar årsaka.

10.11.2021

(NPK-NTB). Konsumprisindeksen (KPI) steig 3,5 prosent frå oktober i fjor til oktober i år. Den viktigaste grunnen er høge straumprisar, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Frå september til oktober i år fall prisane 0,3 prosent, og tolvmånaders-endringa frå oktober til oktober har gått ned frå tilsvarande tal i september, som viste ein auke på 4,1 prosent.

– Den klart viktigaste bidragsytaren til auken i KPI siste tolv månader er dei historisk høge elektrisitetsprisane. Frå oktober 2020 til oktober 2021 steig prisane på elektrisitet inkludert nettleige 79,2 prosent, seier seniorrådgivar Ragnhild Nygaard i SSB.

Samtidig er matvareprisane med på å dempe oppgangen dei siste tolv månadene.

For mat og alkoholfri drikke fall prisane 4 prosent frå fjorårets oktober til same månad i år. Dette er det største prisfallet for mat og drikke sidan momssatsen vart justert ned i 2001, opplyser Virke.

– Dette viser at tøff konkurranse i daglegvaremarknaden kjem forbrukarane til gode. Dette er viktig for hushalda, særleg når straum er dyrare enn normalt, seier Jarle Hammerstad, fungerande leiar for Virke daglegvare.

Kjerneinflasjonen, KPI-JAE, auka 0,9 prosent i same periode, ned frå 1,2 prosent førre månad.

På førehand hadde Bloomberg venta ein auke på 1,2 prosent òg for oktober, skriv E24.

(©NPK)

Publisert: 10.11.2021 10:44

Sist oppdatert: 10.11.2021 10:45

Mer om