Kort fortalt
Kontrakt for Hydroniq Coolers
Skal levere åtte rørkjølarar til flytande konstruksjonsskip.
10.05.2023
Pumpesystemspesialisten Framo har tildelt Ellingsøy-bedrifta Hydroniq Coolers ein kontrakt for å levere rørkjølarar til hydrauliske pumpesystem som skal brukast om bord i fire nye flytande produksjonsskip, vert det opplyst i ei pressemelding.
Hydroniq Coolers skal produsere og samanstille dei åtte rørkjølarane på Ellingsøya, og utstyret skal leverast til Framo Fusa som er eit produksjonsanlegg for marine pumpesystem som ligg sydaust for Bergen.
Hydroniq Coolers har ikkje oppgitt verdien på kontrakten.
Publisert: 10.05.2023 09:01
Sist oppdatert: 10.05.2023 09:02