Kort fortalt

Kontrakt til Norwegian Greentech

Skal levere ballastvatnreinsesystem til Olympic-skip.

09.11.2022

Ulstein Verft har tildelt ein avtale til Herøy-selskapet Norwegian Greentech for leveranse av ballastvatnreinsesystem til to havvindfartøy som verftet skal bygge for Olympic Group.

Avtalen inneheld ein opsjon på leveranse av reinsesystem for ballastvatn til ytterlegere to skip, vert det opplyst i ei pressemelding.

Fartøya som Ulstein Verft skal bygge er to konstruksjonsstøttefartøy (CSOV) til havvindindustrien. Skipa har hybrid batteriframdrift og er klargjort for metanol, som gjer det muleg med nullutslepp.

Norwegian Greentech skal produsere ballastvatnreisesystema i Herøy. Norwegian Greentech har ikkje oppgitt verdien på kontrakten.

Publisert: 09.11.2022 08:11

Sist oppdatert: 09.11.2022 08:16

Mer om