(NPK): Sjøfolk og reiarlag skal i desse dagar bli spurde ut om tryggleik og arbeidsmiljø.
Målet er å få vite meir om korleis den enkelte arbeidstakar på norske skip opplever tryggleiksnivået og tryggleikskulturen om bord der dei jobbar.
– Sjøfolk fortener ein sikker og god arbeidsplass. Vi ønskjer å vite meir om korleis norske sjøfolk har det om bord, slik at vi kan rette tryggingsarbeidet vårt mot områda som treng det mest, seier Håvard Gåseidnes, seksjonssjef for Risikostyring og HMS i Sjøfartsdirektoratet. (©NPK)

Publisert: 07.04.2016 19:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47