Kort fortalt

Kornkollaps i Europa etter hetebølgje

Innhaustinga av korn i Sør-Europa ser ut til å bli 60 prosent lågare enn fjoråret.

NPK
27.07.2023

Det spår eit europeisk jordbrukskooperativ som organiserer 22 millionar bønder.

Ikkje sidan 2007 har det vore venta lågare innhausting av korn i Europa. Årets avling er venta å vere kring ti prosent lågare enn gjennomsnittet for dei siste fem åra. Det er det lågaste sidan 2007, skriv Nationen.

Sviktande avlingar som følgje av hetebølgja Charon i Spania, Portugal, Italia og Hellas skal vere grunnen.

Kornproduksjonen i Sør-Europa er venta å vere under halvparten av fjorårets produksjon som ein konsekvens av dette.

(©NPK)

Publisert: 27.07.2023 12:40

Sist oppdatert: 27.07.2023 12:40

Mer om