Kort fortalt

Korona-nedgangen er henta inn

Auke i BNP for fastlands-Noreg.

16.02.2022
(NPK-NTB): Fastlandsøkonomien auka 4,2 prosent frå 2020 til 2021. Dermed vart nedgangen under pandemien henta inn i 2021.

Førebelse nasjonalrekneskapstal viser at BNP for Fastlands-Noreg auka 5,9 prosent frå botnen i mars til ein førebels topp i november 2021.

I 4. kvartal auka aktiviteten i fastlandsøkonomien 1,4 prosent.

Oppgangen spegla gjenopninga av samfunnet og var særleg drive av tenestenæringane, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB)

‒ Det var høgt smittetrykk og smitteverntiltak i starten og slutten av året, men dei hadde mindre omfattande økonomiske konsekvensar i 2021 enn i 2020, seier seksjonssjef for nasjonalrekneskapen i SSB, Pål Sletten.

– I april starta den gradvise gjenopninga av samfunnet, og aktiviteten i fastlandsøkonomien voks kvar månad frå april til og med november, seier Sletten.

Kraftig prisvekst på olje og gass
Både i 2020 og 2021 har det tidvis vore svært høge prisar på ulike råvarer, mellom anna energivarer. For Noreg har det vore særleg viktig at gassprisen har hatt ein bratt oppgang.

Det har ført til at samla BNP for Noreg, inkludert olje- og gassutvinning, røyrtransport og utanriks sjøfart, auka 21,5 prosent i løpande prisar frå 2020 til 2021.

‒ Vi fekk i 2021 den høgaste veksten i nominelt BNP på fleire tiår, høgare enn under oljeprissjokka på 1970-talet, seier Sletten.

Hovudårsaka er ein kraftig prisvekst på råolje og gass.

Auka straumutgifter
Verdien av olje- og gasseksporten auka over 500 milliardar kroner frå 2020 til 2021, til eit historisk høgt nivå. Handelsbalansen mot utlandet vart betydeleg styrkt.

Eit nytt trekk i 2021 var at internasjonal prisvekst på energi slo ut i innanlandske prisar på elektrisitet. Det førte til at både næringsliv og hushald fekk ein betydeleg auke i straumutgiftene.

Både eksport og import av varer auka i fjor, noko som gav det største handelsoverskot i historia – på 531 milliardar kroner.

Målt i faste prisar auka eksporten 1 prosent i desember, som kjem av ein auke i eksport av olje og gass. Det var derimot ein nedgang i eksport av tenester, tradisjonelle varer, og dessutan skip og plattformer.

(©NPK)

Publisert: 16.02.2022 10:00

Sist oppdatert: 16.02.2022 10:01

Mer om