Kort fortalt

Korona-tilliten fell

Mange trur råda ikkje vert følgde.

06.04.2021

Berre ein av tre nordmenn, 32 prosent, sa i påskeveka at dei har tillit til at folk flest i Noreg følgjer råd og retningslinjer for å unngå smitte.

Snittet for mars var 38 prosent. Det er ein nedgang på 10 prosentpoeng frå februar.

– Tilliten nordmenn har til kvarandre auka siste halvår, men fall i mars, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

Samtidig unngår nordmenn både familie og venner i større grad enn på lenge. I påskeveka oppgav 85 prosent av dei spurde at dei klarte å avgrense talet på nærkontaktar til det som er tilrådd.

I heile mars oppgav 84 prosent at dei hadde unngått sosial omgang med familie og venner. Det er det høgaste nivået sidan mai i fjor. Det kjem fram i Norsk koronamonitor frå Opinion.

– Det er liten tvil om at nordmenn gjer sitt beste for å komme best mogleg i mål på det som forhåpentleg er sluttfasen på pandemien, seier Clausen i Opinion.

Til saman oppgir no 84 prosent at dei vil ta vaksinen mot koronaviruset når dei får tilbod om den.

Publisert: 06.04.2021 08:16

Sist oppdatert: 06.04.2021 08:17

Mer om