Kort fortalt

Koronafrustrerte kommunetoppar

Lei av å få koronanyheeiter på pressekonferansar.

17.06.2021

Ordførarane i fleire av Noregs største kommunar krev meir føreseielegheit i reglane om innreise, testing og karantene, og ber regjeringa involvere kommunane.

Kommunetoppane ber om ein kanal for dialog og involvering av kommunane i forkant av at tiltak blir sette i verk. Brevet er underskrive av leiarane i Oslo, Trondheim, Bærum, Tromsø, Stavanger, Drammen, Ullensaker og Halden.

– Under pandemien har kommunane opplevd det krevjande å få nasjonale reglar og råd presentert på pressekonferansar, med kort tid til iverksetjing av endringane i regelverket, skriv kommunetoppane.

– Når det gjeld endringar i innreisereglane, med konsekvensar for kapasitet på teststasjonar og på karantenehotellplassar, er det framleis stort behov for at regjeringa gir kommunane betre varslingstid frå tiltak blir vedtekne til dei blir sette i verk, heiter det.

Kommunetoppane seier at dette skaper høgare konfliktnivå enn nødvendig ved grensene og i karantenehotella.

– I verste fall påverkar det tilliten til styresmaktene, både nasjonalt og lokalt, skriv leiarane.

Publisert: 17.06.2021 09:17

Sist oppdatert: 17.06.2021 09:19

Mer om