Kort fortalt

Koronamedisin-funn

NTNU-forskarar trur dei har funne mogleg koronamedisin.

11.03.2021

NPK-NTB: Forskarar ved NTNU meiner dei har funne ein måte å behandle koronasjukdom på. Dei trur ein kombinasjon av eksisterande medisinar kan gjere folk friske.

– Medisinane kan hindre dødsfall og utvikling av alvorleg koronasjukdom, seier dei to professorane Denis Kainov og Magnar Bjørås ved Institutt for klinisk og molekylær medisin på NTNU til Adresseavisen.

Truleg byrjar testinga på pasientar med koronavirus om to til fire månader.

Forskarane har kombinert over 200 medisinar og funne fem kombinasjonar dei synest verkar lovande, skriv NRK.

Til no er det gjort forsøk i enkle lungeceller og meir komplekse minilunger, og dessutan nokre dyreforsøk.

Det blir anteke at den mest effektive behandlinga skjer i ein tidleg fase av sjukdommen, før viruset spreier seg til lunger og luftvegar.

Viss resultata i kliniske studiar går riktig veg, trur forskarane det vil ha stor betydning.

– Behandlinga vil ha veldig stor betydning for Noreg, men kanskje endå meir for andre land som slit meir med innleggingar og alvorleg koronasjukdom og død, seier Bjørås til NRK.

Kortare innleggingar på sjukehus, redusert risiko for seinverknader og lågare smitte er blant resultata eit gjennombrot kan gi.


Publisert: 11.03.2021 07:52

Sist oppdatert: 11.03.2021 07:54