Kort fortalt

Koronapasset klart for lokal bruk

Kan innførast av kommunane.

01.12.2021

(NPK-NTB): Koronapasset er oppgradert og klart til bruk for kommunar som ønskjer å innføre det lokalt for å lette på smitteverntiltak.

Den nasjonale kontrollsida er no på plass igjen, opplyser Folkehelseinstituttet. Kontrollsida vart fjerna i oktober fordi innanlandsbruken vart avvikla.

Det har vore ønske blant enkelte kommunar – mellom anna Tromsø – om å ta i bruk koronapass etter at smitten har auka.

For å kunne ta i bruk koronapass, må kommunen først ha innført smittevernrestriksjonar. Formålet med koronapasset er å gi brukaren lette frå tiltaka.

Den nye kontrollsida, som er grøn eller raud, gjer det lettare for brukarane å vite om koronapasset er gyldig. Det gjer det òg lettare å gjennomføre kontrollar, samtidig som ein sikrar at brukaren gir frå seg minst mogleg helseinformasjon.

Koronapasset har òg ei kontrollside for grensepassering mellom land. Denne sida er blå, og skal brukast når ein kryssar landegrenser.

I store delar av Europa har koronapass bidrege til å unngå nasjonal nedstenging. I ei rekkje land har koronapassa vorte ein del av kvardagen ved at ein skannar QR-koden på veg inn på kafear, kinoar og arrangement. Eit nasjonalt koronapass som blir teke i bruk på like omfattande måte, vil krevje lovendring. Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) opplyste tysdag at regjeringa er i gang med arbeidet.

(©NPK)

Publisert: 01.12.2021 15:57

Sist oppdatert: 01.12.2021 15:58

Mer om