Kort fortalt

Koronatrygd til ein halv million

Arbeidløysa har vore rekordhøg.

10.03.2021

Sidan 12. mars i fjor har over ein halv million ledige og permitterte fått dagpengar eller lønnskompensasjon, viser nye tal frå Nav.

Gjennom året har arbeidsløysenivået vore tre gonger så høgt som under finanskrisa. Det har òg vore ei rekkje mellombelse endringar i trygdeordningane, og smitteverntiltak har ramma somme næringar kraftig, opplyser Nav i ei pressemelding.

Bruken av dagpengar skaut i vêret då koronakrisa hende, men pandemien har hittil påverka bruken av andre trygdeordningar frå Nav langt mindre enn venta, viser ei ny Nav-analyse.

– Ser vi på andre Nav-ordningar, som arbeidsavklaringspengar og sosialhjelp, har pandemien hatt langt mindre påverknad enn venta, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte.

Analysen gir eit overblikk over konsekvensane av smitteverntiltak på arbeidslivet, og kva utviklingstrekk som kan ventast framover.

Sannsynet for å søkje sosialhjelp, arbeidsavklaringspengar og sjukepengar vil auke framover når dagpengeperioden går mot slutten, ifølgje Holte.

Ein del av dei som vart ledige i starten av koronakrisa, har rett til dagpengar fram til oktober, medan mange av dei koronaledige har rett til dagpengar fram til våren 2022.

– På lengre sikt kan koronakrisa føre til fleire mottakarar av uføretrygd og alderspensjon, men kor omfattande dette blir, er avhengig av korleis det går på arbeidsmarknaden, seier Holte

Publisert: 10.03.2021 12:02

Sist oppdatert: 10.03.2021 12:03