Kort fortalt

Korrupsjonstiltale mot Stein Lier-Hansen

Stiller seg uforståande til skuldinga.

03.04.2025

NPK-NTB-Anders R. Christensen: Tidlegare Norsk Industri-topp Stein Lier-Hansen er tiltalt for grov korrupsjon og grov økonomisk utruskap. Han stiller seg uforståande til korrupsjonsskuldinga.

– Den tidlegare administrerande direktøren har ifølgje tiltalen gjort seg skuldig i grov økonomisk utruskap mot Norsk Industri ved å påføre organisasjonen urettmessige kostnader med cirka 10,6 millionar kroner, skriv Økokrim i ei pressemelding.

Lier-Hansen valde i desember 2023 å gå av etter 17 år som Norsk Industri-sjef. E24 avslørte vinteren i fjor at 69-åringen hadde late arbeidsgivaren betale for leige av ei hytte, eit jaktområde og sjøfly til og frå eit område på Hardangervidda.

– Undervegs i etterforskinga er det avdekt at hovudtiltalte også har fått cirka 1,9 millionar kroner frå ein person som har fakturert Norsk Industri for cirka 4 millionar kroner i same periode. Dette er ifølgje tiltalen vurdert til å utgjere grov korrupsjon, skriv Økokrim.

Lier-Hansens forsvarar, Petter Mandt, seier til E24 at den tidlegare direktøren sjølv har bede Økokrim om å undersøkje saka.

– Lier-Hansen bad i februar om at Økokrim skulle undersøkje saka. Han har heile tida vore open om at det kan vere ting han må stå til rette for. Vi skal no gå nøye gjennom skuldingane og vurdere korleis han stiller seg til desse.

Mandt presiser at Lier-Hansen stiller seg uforståande til skuldinga om korrupsjon.

Publisert: 03.04.2025 14:31

Sist oppdatert: 03.04.2025 14:31