NPK-NTB: Fylte vassmagasin, meir vindkraft og oppgraderte anlegg har ført til produksjon av meir kraft. Dermed vart det ein rekord for andre kvartal.
Produksjonen av kraft var på 35,9 terawattime (TWh) i 2. kvartal 2021. Det er 1,9 prosent høgare samanlikna med 2. kvartal året før, og det høgaste nivået som er registrert for dette kvartalet i statistikken, ifølgje SSB.
Sjølv om vindkrafta har hatt ein betydeleg vekst dei siste åra, er det framleis vasskraft som dominerer. Vasskraft utgjorde 93,1 prosent, medan varme- og vindkraft utgjorde 1,2 og 5,7 prosent.
Det var òg stor etterspurnad etter kraft og høge spotprisar på straum i 2. kvartal som har bidrege til den høge kraftproduksjonen.
Publisert: 20.07.2021 11:36
Sist oppdatert: 20.07.2021 11:39