(NPK): Sju av ti aktørar i energiforsyninga meiner no klimaendringar er ei utfordring for tryggleiken og beredskapen i verksemda deira framover.
Berre 13 prosent har likevel sett klimaendringar og klimatilpassingar på dagsordenen, og dei større selskapa tenkjer i større grad på dette enn dei mindre, går det fram av ei undersøking Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjort blant 124 aktørar i energibransjen. Undersøkinga er ei oppfølging av tilsvarande undersøkingar i 2009 og 2012.
– Rapporten viser at energiforsyninga tar utfordringane med klimatilpassing på alvor, men viser samtidig at NVE må halde fram med å følgje opp, slik at energiforsyningsberedskapen blir enda betre tilpassa endringar i klimaet, seier avdelingsdirektør Ingunn Å. Bendiksen i NVE.
Sjølv om fleire enn før tenkjer på dei negative effektane av klimaendringar, er det framleis få som har gjort det til eit viktig tema i verksemda. (©NPK)

Publisert: 13.10.2016 14:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44