Kort fortalt

Kraftig auke av vågekval

Det er rundt 150.000 vågekvalar i norske farvatn

09.12.2021

Det er ein auke på 50 prosent frå 2013. Truleg kjem det av fleire kvalar i norske havområde og ikkje vekst i bestanden.

Dette er eit bestandsestimat basert på kvalteljingar frå 2014 til 2019, viser rapporten frå sjøpattedyrutvalet i Havforskingsinstituttet.

Auken på 50 prosent har skjedd sidan dei førre kvalteljingane frå 2008 til 2013. Då låg bestanden på rundt 100.000 dyr.

Vågekval er den einaste kvalbestanden det blir drive fangst på i Noreg. Utvalet foreslår denne kvoten for den norske vågekvalfangsten i 2022: 917 dyr fordelte på fem ulike forvaltningsområde, inkludert Jan Mayen.

Publisert: 09.12.2021 16:11

Sist oppdatert: 09.12.2021 16:12

Mer om