Kort fortalt

Kraftig auke i hotellovernattingar

Talet på utanlandske gjestar opp med meir enn 20 prosent.

NPK
31.10.2023

(NPK): Talet på utanlandske hotellovernattingar auka med 21 prosent frå september i fjor til september i år.

– Aldri før har SSB registrert så mange hotellovernattingar i løpet av september månad, seier rådgjevar Boyd Oyier i SSB.

Talet på utanlandske hotellovernattingar auka med 21 prosent, til 552 000 i september. Det var 1,7 millionar norske hotellovernattingar i same månad i år, ein nedgang på 0,4 prosent frå september i fjor.

– I september, ein månad der det tradisjonelt er mange kurs og konferansar var det ein nedgang i talet på hotellovernattingar med dette som formål samanlikna med september i fjor, men det var fleire slike overnattingar enn i åra før pandemien, seier Oyier.

Om ein reknar med overnattingar på campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar, var det 3,1 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i september.

– Fleire hotell har oppgjeve at prisane har auka på grunn av ein generell auke i kostnadane og auka etterspurnad. Fleire fortel òg at betalingsviljen har auka, seier Oyier.

Gjennomsnittsprisen på hotellrom var 1321 kroner, ein auke på 6,9 prosent frå september i fjor.

Samanlikna med september i fjor har prisen per rom auka mest i Rogaland og Møre og Romsdal. Den største auken i talet på hotellovernattingar sett mot september i 2022 har det vore i Oslo, Nordland og Vestland.

(©NPK)

Publisert: 31.10.2023 12:26

Sist oppdatert: 31.10.2023 12:26

Mer om