Hotell Storfjord 3 2 Marius B
PRESTISJEAVTALE: Eva Gottesmann frå Bollinger og Nils Flatmark frå Storfjord hotel har nettopp inngått ein avtale om at Storfjord hotel skal bli første Bollinger-ambassadør utanfor Frankrike. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal
Nytt

– Ingen hotell i Noreg har så god omsetning med så få rom

Ny 62° Nord-direktør er nøgd, trass svake 2022-tal. Ventar auke på Storfjord og Øye.

– For det første vil eg seie at i 2022, om vi ser på Hotel Storfjord og Hotel Brosundet, er vi godt fornøgd med utviklinga, seier administrerande direktør i 62°, Mikael Forselius.

Frå 2021 til 2022 auka dei resultatet før skatt på dei to selskapa høvesvis frå -3,8 til 0,7, og 5,1 til 8,0 millionar kroner.

Driftsinntektene for Storfjord auka frå 28,5 til 43,9 millionar kroner, som Forselius omtalar som fenomenal. For 2023 har dei auka omsetninga med ytterlegare 10 millionar.

– Storfjord har berre 30 rom, og likevel går det så bra. Eg vil påstå at ingen hotell i Noreg har lik omsetning med så få rom, seier Forselius om hotellet som har amerikanarar som største marknad.

2022 var første året sidan opninga i 2006, som hotellet gjekk i pluss.

Vekst i romprisane
Av dei tre hotella i Flakk-gruppen, stikk Hotel Union på Øye i Norangsdalen seg sårt fram i rekneskapstala for fjoråret.

– Vi kjem til å tape store summar i år også, fordi vi har investert så mykje pengar. Likevel vil vi klare å halvere underskotet.

(les meir om kva Forselius ventar om lønsemda til Hotel Union i slutten av artikkelen)

Ein stor del av årsaka til inntektsauken for alle tre hotella, er at dei har auka romprisane.

I sommar låg snittprisane for Hotel Union og Storfjord på 7.000 kroner, og dei dyraste suitene kostar heilt opp i 15.000.

Prisane på Storfjord i perioden 5. mai til 5. juni i år, låg 50 prosent over nivået i 2022, fortalte Forselius i eit intervju med Finansavisen.

Mikael Forselius photo Wil Lee Wright
NY HOTELLSJEF: Mikael Forselius meiner Flakk-gruppen sine hotell har laga fantastiske produkt. Foto: Wil Lee-Wright

Frå Trondheim til Sunnmøre
Mikael Forselius blei tilsett hos 62° Nord i 2022 etter seks år som administrerande direktør for Britannia Hotel i Trondheim.

Han er også styreleiar for alle dotterselskapa i reiselivsselskapet, og ansvarleg for alt som har med reiseliv å gjere i Flakk-gruppen.

– På Sunnmøre er det Hotel Storfjord, Hotel Union på Øye i Nordangsdalen, Hotel Brosundet, kantina på Devoldfabrikken, og også Apotekergaten No.5 og Sjøboden.

Den tidlegare kokken sin jobb går ut på å følge opp hotelldirektørane og avdelingsleiarane. I tillegg handlar det om å gjennomføre prosjekt, følgje opp nøkkeltal - men også arbeide med partnertilknyting, innkjøp og marknad.

Hotel Storfjord Marius B
NY STILLING: «Executive head chef & food & beverage manager», Nils Flatmark, fekk det beste av begge verder då han starta i Storfjord, som han beskriv som ein mellomting mellom å vere kjøkkensjef på Brimibu og Britannia. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

Konseptutvikling
NETT NO hadde førre veke ein artikkel om Brosundet Hotel, som satsa sterkt på konseptutvikling. Dette er noko dei driv med på alle hotella i Flakk-gruppen.

– Vi arbeider mykje med mat og drikke, og betre konseptet på restaurantar for å auke omsetninga der, fortel Mikael Forselius.

Onsdag gjekk Storfjord hotel inn i ein ambassadøravtale med den franske vinprodusenten Bollinger som første og einaste utanfor Frankrike.

Satsinga er leia av Nils Flatmark, regjerande olympisk meister i kokkekunst, som også arbeider på Storfjord.

– Eg synes det er stas å få til noko på Glomset. Vi er fullbooka i dag, og det er ganske sjukt, seier Flatmark som også fortel at mesteparten av maten og drikkene kjem frå lokale leverandørar.

Likt Brosundet, prøver Storfjord å få fleire lokale gjestar til hotellet.

– Sjølv om vi skal treffe internasjonalt, er det ofte fleire bookingar frå lokalbefolkninga. Vi håper at folk tek turen innom for å feire begivenheiter, sjølv om det kan verke for luksuriøst.

Hotell Storfjord 6
EKSKLUSIVT: Storfjord Hotel ligg opp i fjellet på Glomset i Sula, omkrinsa av mykje skog. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

Spår pluss om to-tre år
Det er ikkje tilfeldig at Hotel Union Øye stikk seg fram som ein verkebyll blant dei tre hotella til 62° Nord på Sunnmøre.

Hotellet var stengt for renovering halve 2022. Tunet, infrastrukturen, korridorar under bakken og hagen måtte fornyast.

– Det gjorde at vi fekk stygge tal, men til trass for stenginga auka vi omsetninga, seier Mikael Forselius.

I 2023 har dei utsikter til å auke med 20 millionar til i omsetning, slik at den ville ligge i underkant av 50 millionar i år.

Forselius skryt av eigarane i Flakk-gruppen for å ha investert langsiktig.

– Det kjem til å få uttelling når vi har sett oss inn i den internasjonale marknaden. Den store veksten kjem når vi etablerer oss som merkevare.

Han spår at dei vil trenge to-tre år til, så vil dei tene store summar i Norangsdalen også.

Publisert: 13.10.2023 05:00

Sist oppdatert: 12.10.2023 22:46

Mer om