Kort fortalt

Kraftig eksportfall frå jordbruket

Pelsdyrstopp og ostekutt bidreg negativt.

19.02.2019
NPK-NTB: Nedlegginga av pelsdyrnæringa og kutt i eksportstøtta til ost kan føre til at eksporten frå norsk jordbruk vil gå kraftig ned dei neste åra.
Tal frå Ruralis, Institutt for rural- og regionalforsking, viser at fallet i eksportverdien kan bli på rundt 1,2 milliard kroner, eller så godt over halvparten av den samla eksporten av viktige varer frå norsk primærjordbruk, skriv Nationen.
– Eksporten av norske jordbruksvarer er dømde til å gå ned ganske kraftig dei neste åra. Jarlsberg er størst og pelsdyr nest størst, og pelsdyr er den einaste genuint eksportretta næringa i norsk jordbruk. Frå eit samfunnsøkonomisk og handelspolitisk synspunkt er det djupt beklageleg, seier prosjektleiar Bjørn Eidem i Ruralis, som saman med Hanne Eldby i AgriAnalyse har laga ein rapport om sjansen for satsing på eksport av norske jordbruksvarer.
Eksporten av varer frå norsk primærjordbruk var på rundt 2,1 milliardar kroner i snitt per år i perioden 2015 til 2017. Den største kategorien var mjølk og meierivarer, som utgjorde 36 prosent av totalen. På andreplass var skinn frå pelsdyr, som stod for 21 prosent av totalen.
I rapporten konkluderer Eidem og Eldby at sjansen for eksport er avgrensa. Ein av årsakene er høgt kostnadsnivå.

Publisert: 19.02.2019 10:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35