Kraftig hopp i lønnsinntekter
Framleis høgt dagpengemottak.
Summen av lønn og honorar i Noreg auka med 6,2 prosent i 2021, viser tal frå den førehandsutfylte skattemeldinga.
Talet på lønnsmottakarar auka med 37.000, viser førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå.
Veksten i lønnsinntekta er den høgaste sidan 2012. Veksten er sterkast blant skattytarar mellom 17 og 24 år, som hadde ein samla vekst i lønnsinntekta på 7,9 prosent. Dette gjeld viss ein ser bort frå personar på 67 år og over. Lågast er veksten blant personar mellom 45 og 54 år, som ligg på 4,4 prosent.
Likevel auka òg summen av dagpengar som skattytarane fekk i 2021. Busette over 17 år fekk 25,9 milliardar kroner i dagpengar, ein auke på 1,5 prosent frå 2020, eller 185,6 prosent frå 2019. Likevel er dette ei problematisk samanlikning sidan mange fekk feriepengar i 2021 av dagpengar dei fekk i 2020.
Summen av utbetalte arbeidsavklaringspengar auka med 10,3 prosent i 2021, og summen av utbetalt uføretrygd auka med 4,6 prosent. Gjennomsnittleg utbetalt alderspensjon auka med 4,3 prosent til 259.700 kroner, medan talet som fekk alderspensjon frå folketrygda, auka med 18.200 personar til 948.500.
Publisert: 02.05.2022 17:04
Sist oppdatert: 02.05.2022 17:05