Kort fortalt

Kraftig hopp i overnattingsdøgn

Men langt etter førkoronatid.

30.06.2021

Talet på overnattingsdøgn i mai auka kraftig samanlikna med i 2020. Men overnattingane er framleis langt bak tida før korona.

I mai hadde dei kommersielle overnattingsbedriftene 1.562.160 overnattingsdøgn, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå.

Det er 52 prosent fleire overnattingsdøgn enn i mai 2020, men 43 prosent under mai i 2019 som var før koronapandemien braut ut og reiselivet stoppa opp.

I mai 2019 stod utanlandske statsborgarar for 28 prosent av overnattingsdøgna, medan utlendingar i mai i år hadde 7 prosent av overnattingane.

Publisert: 30.06.2021 11:28

Sist oppdatert: 30.06.2021 11:29

Mer om