Kort fortalt

Kraftig inntektshopp for fiskarar

Nesten 40 prosent inntektsauke på to år.

18.10.2016
(NPK): På to år har norske fiskarar opplevd ein inntektsauke på 37,5 prosent i snitt. Også formuane har auka for dei som jobbar i næringa.
Samla sett har formuane til fiskarane auka med 18,3 prosent i snitt dei siste to åra, medan veksten er på 20,9 prosent for dei som har fiske som hovudnæring, skriv . I fjor hadde ein gjennomsnittleg fiskar 1,4 millionar kroner i formue.
Høgare prisar og gunstig valutasituasjon blir trekt fram som årsaker til den gode utviklinga.
– I 2013 låg torskeprisen på 13 til 14 kroner kiloen. No kan du få betalt heilt opp i 34 kroner kiloen for den største torsken. Det har vore ein heilt formidabel auke, seier skipper Trond Olav Dyb på garn- og linebåten «Loran», som hadde eit sterkt økonomisk år i fjor.
Frå 2014 til 2015 blei det 783 fleire yrkesfiskarar i Noreg. Det syner at fiskeri er eit yrke for framtida, meiner leiar Kjell Ingebrigtsen i Norges Fiskarlag.
– Det er blitt meir attraktivt å vere fiskar. Og trass i at vi er fleire fiskarar no enn for kort tid tilbake, har vi hatt ein gjennomsnittleg inntektsauke. Det er eit styrkt bevis på at det går rette vegen i næringa, seier han.
Finansmannen Kjell Inge Røkke som har fiskeri som binæring, er ikkje teken med i FiskeribladetFiskaren si utrekning, ettersom formuen hans gir så stort utslag på totalen. (©NPK)

Publisert: 18.10.2016 14:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44