Kraftig prishopp på mat fredag
Gjennomsnittsfamilien ligg an til å bruke 14.300 kroner meir på mat.
Norgesgruppen varslar auka prisar i butikkane frå og med 1. juli. Gjennomsnittsfamilien ligg an til å bruke 14.300 kroner meir på mat i år, ifølgje økonom.
– Det er ingen tvil om at det blir prisaukar, merkbare prisaukar, seier direktør for næringspolitikk og styresmaktskontakt i Norgesgruppen, Bård Gultvedt, til VG.
Norgesgruppen har butikkjeder som Kiwi og Meny. Gultvedt viser til at leverandørane har komme til dei og bede om unormalt høge prisaukar, som dei har forhandla om.
Allereie i vinter steig matvareprisane med 4,5 prosent, ifølgje tal frå SSB. Ei årsak er at importvarer har stige i pris, i tillegg til at auka gjødsel-, drivstoff- og straumprisar har gjort det dyrare å produsere her.
Forbrukarøkonom Cecilie Tvetenstrand ti Storebrand seier til VG at ein snittfamilie med to vaksne og to barn med kostnadsauken hittil i år, har måtta bruke 7.000 kroner meir på mat.
Dersom matvareprisane aukar med 5 prosent til i morgon, gir det ein ny auke på om lag 7.300 kroner. Kostnadsauken er likevel enno ikkje heilt avklart.
– Veldig mange må tenkje endå meir gjennom matinnkjøpa sine, seier Tvetenstrand.
Publisert: 30.06.2022 18:17
Sist oppdatert: 30.06.2022 18:18